Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Måbøtunnelen på riksveg 7 i Hordaland kan bli stengt i lang tid etter brannen i ein lastebil torsdag kveld. Sjåføren kom seg uskadd ut, og det var ingen andre i tunnelen.
npk@npk.no
Publisert: 19.05.2016 kl 19:54
Sist oppdatert: 20.05.2016 kl 08:50
Brannen starta like før klokka 19.30, og det var ei stund uvisst om det var folk inne i tunnelen. Men etter nokre timar melde brannvesenet at dei hadde kontroll på situasjonen, og at heile tunnelen var gjennomsøkt. Klokka 22 vart det meldt at brannen var sløkt.
Statens vegvesen opplyser at tunnelen kjem til å vere stengt i lang tid framover. Riksveg 7 er dermed stengt på vestsida av Hardangervidda, og ifølgje Vegtrafikksentralen er det inga lokal omkøyring.
Alternative ruter mellom aust og vest er E134 Haukelifjell eller riksveg 52 over Hemsedalsfjell. (©NPK)