Klargjør siden...

Turfølgje henta ned frå Besseggen

(NPK-NTB): Heile gruppa på 16 personar som sat fast ved Besseggen, er henta ned av redningshelikopteret, melder politiet i Gudbrandsdalen.

– Alle er no nede på Gjendesheim og i god behald. Det er ikkje behov for legehjelp, og det er ikkje meldt om nokon utfordringar i redningsaksjonen, opplyser Arne Gunstad ved redningssentralen til politiet i Gudbrandsdalen til NTB.

Det var eit følgje med 16 personar, seks av dei rørslehemma, som fekk problem på turen over Besseggen. Både luftambulansen og eit redningshelikopter frå Rygge måtte gi opp forsøket på å hente ut gruppa onsdag kveld på grunn av dårleg vêr.

Torsdag formiddag var likevel vêret betre, og gruppa blei henta ned i to omgangar av eit Sea King-helikopter.

Turfølgjet var ved Bessvatnet, på austsida av Besseggen, då dei bad om hjelp til å kome seg ned.

Politiet fekk melding frå turfølgjet, som er knytt til DNT Drammen, like etter klokka 19.30 onsdag kveld. (©NPK)

Annonse