Klargjør siden...

Turneringssjefen: – Ikkje aktuelt å kaste ut Magnus Carlsen

Turneringssjef i Champions Chess Tour, Arne Horvei, har ikkje komme til nokon konklusjon om kva som skjer med Magnus Carlsen etter sjakkdramaet måndag.

– Vi har eit reglement med prosedyrar vi må følgje, og det kan ta ganske lang tid før vi får gjennomført det. Vi må kontakte begge spelarane og vi må ta omsyn til ulike tidssoner, seier Horvei til NTB.

Partiet mot 19 år gamle Niemann måndag vart sett fram til med enorm interesse etter at Carlsen og Niemann så til dei grader har preget debatten i sjakkmiljøet dei siste vekene.

Det heile enda i eit nytt drama og eit antiklimaks. Etter berre to trekk valde Carlsen å avslutte kampen ved å gi opp partiet. Det har skapt mange spekulasjonar om kva som vil skje vidare med nordmannen.

– Det kan bli fleire ting. Han kan få ei åtvaring, bot eller andre ting, seier turneringssjefen.

– Risikerer han å bli kasta ut av turneringa?

– Nei. Det er ikkje aktuelt å kaste ut Magnus Carlsen, svarer Horvei.

Freda?

Magnus Carlsens selskap, Play Magnus Group, er inne på eigarsida i chess24, som er arrangør for turneringa. Horvik avviser at det har noko å seie for ei eventuell straff for nordmannen.

– Magnus er her som ein spelar og blir på lik linje dømd som alle andre, forsikrar turneringssjefen.

TV 2s sjakkekspert Jon Ludvig Hammer trur likevel at Carlsen er freda og at han kjem unna utan noko særleg straff.

– Han kjem kanskje til å få ei åtvaring på at dei ikkje liker sånn åtferd, men det kjem ikkje til å gi særlege konsekvensar, seier Hammer til kanalen.

Konfrontert med påstanden svarer Horvei dette:

– Magnus er eit utruleg stort namn i sjakken, som han har opparbeidd seg gjennom mange år. Men eg vil seie at det er å strekkje det langt at han er freda. Carlsen har ei høg stjerne og betyr mykje for sjakken, men freda er han ikkje.

Kan møtast igjen

Carlsen innleidde den pågåande Champions Chess Tour-turneringa med tre sigrar og ein remis søndag. Han leidde då turneringa. Også Niemann starta sterkt.

Måndag opna den norske verdsmeisteren dagen med remis i første parti mot tsjekkaren David Navara. Etter å tapt mot Niemann med vilje, slo Carlsen tilbake med eit formidabelt parti mot Levon Aronian. Der tok nordmannen ein sterk siger som vart applaudert av sjakkekspertisen.

Det siste partiet måndag mot indiske Rameshbabu Praggnanandhaa vart også svært innhaldsrikt. Stillinga bølgja fram og tilbake. Til slutt enda det heile i remis.

Carlsen har 15 poeng så langt i turneringa. Indiske Arjun Erigaisi leiar med 17.

Det er ikkje utenkjeleg at Carlsen og Niemann kan møtast i utslagsrundane i turneringa. Spørsmålet er kva nordmannen då gjer.

(©NPK)

Magnus Carlsen risikerer ikkje å bli kasta ut av Champions Chess Tour etter han trekte seg frå partiet mot Hans Niemann. Foto: Carina Johansen / NTB.

Annonse