Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AP): Tre dagar med snøfall og kalde temperaturar har teke livet av 50.000 alpakkaer i Andesfjella i Peru.
npk@npk.no
Publisert: 21.07.2016 kl 07:30
Peruanske styresmakter har erklært unntakstilstand i fjellregionen etter alpakka-dødsfalla, som primært har ramma urbefolkninga i landet. Styresmaktene har også lova å bidra med 3 millionar dollar – vel 25 millionar kroner – i erstatning til dei ramma.
Landsbyane høgt oppe i Andesfjella i Peru er blant dei fattigaste i det søramerikanske landet der meir enn 120.00 familiar livnærer seg på sal av alpakkaull. Peruanske styresmakter fryktar no at ytterlegare 250.000 alpakkaer kan stryka med viss temperaturen held fram med å halda seg rundt 23 minusgrader.
Peru er heimen til rundt 4 millionar alpakkaer og den største produsenten av alpakkaull i verda. (©NPK)