Tusenvis vil jobbe frivillig under VM i skiskyting
(NPK-NTB): Holmenkollen-arrangørane opplever ein frivillig-boom utan like før skiskyttar-VM til vinteren. Over 1.100 har til no søkt om jobb.
Søknadene har komme inn dei siste seks vekene. VM i skiskyting går av stabelen i Holmenkollen frå 3. til 13. mars .
– Det har gått over all forventing. Vi har planlagt for 1.300 plassar, og per no ligg vi godt an til å nå dette i rekordtempo, seier Harald Sundgot Borgen, frivilligansvarleg i skiskyttar-VM 2016.
Frivilligkorpset under VM er delt inn i 32 avdelingar som skal arbeide både i Holmenkollen og i Oslo sentrum. Det blir festivalområde og medaljeseremoniar på Karl Johan.
– Visse avdelingar vart smekkfulle med ein gong. Det er veldig populært å arbeide med sport, media og publikumsservice, men det er framleis fleire avdelingar som treng dyktige og arbeidsame folk, seier Sundgot Borgen.
Det skal kjempast om gull i elleve øvingar dei åtte dagane VM varer. I alt 350 utøvarar frå 38 nasjonar skal delta.
Arrangørane er samtidig ute etter fleire unge til frivilligkorpset. Dei har klart å søkkje snittalderen med tre år og lokkar unge søkjarar med attestar, relevant arbeidserfaring og diverse kurstilbod.
– Vi har no ein snittalder på 48 år. Eg trur fleire og fleire unge ser det som attraktivt å vere med på store arrangement som VM, EM og OL, seier Sundgot Borgen. (©NPK)