Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Lucas Braathen (23) køyrer verdscuprennet i storslalåm i austerrikske Sölden søndag. Det melder TV 2 etter å ha fått tilgang til laguttaket.
Publisert: 26.10.2023 kl 10:08
Deltakinga hans har vore uklar ein periode etter ein konflikt med Skiforbundet.
Tidlegare i haust stilte Braathen opp i ein reklamekampanje for klesmerket J. Lindeberg. Ifølgje sportssjef Claus Ryste hadde ikkje Braathen løyve til det.
Alpinlandslaget har ein offisiell klesavtale med Helly Hansen.
Braathen og andre skistjerner har vore i konflikt med eige forbund om ein ny landslagsavtale. Striden handlar om biletrettane til utøvarane.
Sportsleg har Braathen imponert trass sin unge alder. 23-åringen står med fem sigrar i verdscupen. Sist sesong vann han slalåmcupen samanlagt.
(©NPK)
Lucas Braathen får køyre verdsscupopninga i alpint. Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB