Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Handballkeeper Silje Solberg blir lagvenninne med landslagskollega Stine Bredal Oftedal i Issy Paris frå neste sesong, ifølgje TV 2.
npk@npk.no
Publisert: 09.02.2016 kl 18:26
Solberg har overfor dansk TV 2 stadfesta at ho forlèt sin danske klubb Holstebro ved sesongslutt, og at ho er einig med ein ny klubb. Ho har derimot ikkje villa seie kva klubb det er.
Etter det TV 2 erfarer er det Issy Paris som har sikra seg signaturen hennar.
Det har vore stor interesse for Solberg etter at det blei klart at Holstebro trappar ned satsinga på kvinnelaget. Issy Paris har allereie fleire norske spelarar i Stine Bredal Oftedal, Pernille Wibe og Hanna Bredal Oftedal, og klubben har store ambisjonar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.