TV 2: Jøran Kallmyr (Frp) går av

(NKP-NTB): Jøran Kallmyr (Frp) går av som statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, ifølgje TV 2.

Etter det kanalen kjenner til, sluttar han for å få meir tid til familien. Planen skal vere å gå tilbake til jobben som advokat.

– Eg går ikkje av på fredag, skriv Kallmyr i ein SMS til NTB på spørsmål om han sluttar i departementet. Det er fredagar det blir halde ordinært statsråd, der denne typen politiske utbyttingar blir gjort.

Til Nettavisen seier han at dette er nytt for han, men legg til:

– Nei, eg skal jo gi meg ein dag, så klart, seier han.

Den profilerte Frp-politikaren er far til to barn, og han og kona ventar tvillingar om kort tid.

Kallmyr har sidan oktober 2014 vore statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, der han i hovudsak har vore talsmann for regjeringas asylpolitikk. Sidan Sylvi Listhaug kom inn som statsråd, har han vore statssekretæren hennar. (©NPK)

Annonse