Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Nordhordland tingrett har gitt løyve til at det kan filmast frå oppstarten av rettssaka mot den 34 år gamle litauaren som er tiltalt for å ha drepe åtte år gamle Monika Sviglinskaja i 2011.
npk@npk.no
Publisert: 24.05.2016 kl 12:49
Det er svært uvanleg at eit slik løyve blir gitt ettersom praksis er at det ikkje er lov å ta bilete eller filme i norske rettssalar etter at retten er sett, skriv Bergens Tidende.
Både NRK og TV 2 søkte om å få filme under rettssaka, og tingretten har gitt løyve til filming av oppstarten av rettsforhandlingane inkludert opplesing av tiltalen. Deretter vil det ikkje vere lov å filme.
Det betyr at sjåarane ikkje vil få høyre eller sjå når retten spør tiltalte om han erkjenner straffskuld. Også når aktor Benedikte Hordsnes held sitt innleiingsforedrag, må kamera vere avslått.
Sorenskrivar Håkon Rastum, som skal leie rettsforhandlingane, opnar likevel for at dei to TV-kanalane kan filme når dommen blir lesen opp. Dette gjeld ikkje når tiltalte eventuelt seier om han vil anke eller om han godtar dommen, skriv BT.
Monika Sviglinskaja vart funnen død i heimen sin 14. november 2011. Politiet konkluderte med at det ikkje hadde skjedd noko kriminelt og la bort saka etter ni månader. Etterforskinga vart seinare teken opp att, og 21. oktober 2014 vart 34-åringen, som hadde vore sambuar med mor til Monika, arrestert. Han har sete varetektsfengsla sidan då og erkjenner ikkje straffskuld.
Rettssaka startar måndag 30. mai. (©NPK)