Annonse

Østberg nektar å gi opp: – Har fått nokre frykteleg harde slag i magen og fleisen

Ingvild Flugstad Østberg nektar å gi opp kampen om ein retur til toppen av internasjonalt langrenn. Pål Gunnar Mikkelsplass blir den personlege trenaren hennar.

Onsdag møtte Østberg pressa for å snakke om vegen vidare i karrieren.

For første gong på 14 år går ho ein ny sesong i møte utan å vere på eit av landslaga til Skiforbundet. Gjøvik-jenta var ikkje med då langrennssjef Espen Bjervig nyleg presenterte laga for neste sesong.

Til NTB stadfestar Østberg at ho eigentleg aldri har vore i tvil om at karrieren skulle halde fram.

– Eg har heile tida kjent på gleda og motivasjonen, sjølv om eg har fått nokre frykteleg harde slag i magen og fleisen. Det har kanskje gjort det endå vondare òg, for eg har hatt så frykteleg lyst til å vere med gjengen og gå skirenn, seier Gjøvik-jenta.

– Om dette endar med at eg seier at «no prøver eg ikkje meir», veit eg at eg hadde vorte lei meg på grunn av det. Det kan framleis ende med det, men eg har bestemt meg for å gjere eit skikkeleg forsøk til, seier ho.

Ingen garantiar

Langrennsstjerna veit samtidig at mykje er usikkert.

– Eg har ingen garantiar på verken kor fort ein går, eller korleis ting blir, men eg skal ta den nye situasjonen med at ein står meir på eigne bein, som ei utfordring, sa ho.

31-åringen understrekar at ikkje alle planar er lagde, men ho stadfestar at Pål Gunnar Mikkelsplass blir den nye trenaren hennar. Han har tidlegare hjelpt Therese Johaug.

– Eg har tenkt og planlagt mest for å ha eit eige opplegg, men så er det alltids moglegheiter for at det kan bli annleis òg. Det er ikkje heilt bestemt enno, sa langrennsstjerna.

Marit Bjørgen var også til stades på medieseansen i Holmenkollen onsdag. Østberg avviser at den tidlegare langrennsstjerna får ei formell rolle i teamet rundt henne, men omtaler henne som ein samtalepartnar ho kan spørje om råd.

– Det har eg gjort i alle år, og det kjem eg til å halde fram med å gjere. Om det er andre ting eg eventuelt treng hjelp til, og ho har lyst til å bidra, finn vi ut av det, sa 31-åringen.

Helseoppfølging

Østberg har slite med helsa dei siste åra. Problema knytte til forholdet mellom trening og næring vart første gong kjende i november 2019. Då fekk ho ikkje godkjent helseattest av det medisinske støtteapparatet til Skiforbundet.

I november i fjor gjorde ho comeback, men det gjekk ikkje lang tid før ho igjen fekk startnekt.

Østberg seier ho framleis skal få oppfølging på Olympiatoppen med tanke på det helsemessige.

– Eg må komme meg på startstrek. Det er førstepri. Då må alt med helsa vere i orden. Og om eg ikkje er på landslaget, gjeld dei same reglane skal eg gå verdscup. Der må eg klare å leggje ein god plan på det, og den er ikkje hundre prosent lagd endå, seier Østberg til NTB – og held fram:

– Eg må gjere endringar, for eg kan ikkje gjere det same og tenkje at det går bra. Eg må gjere endringar, og så veit eg framleis ikkje om det går bra, men då har eg i alle fall gjort eit realt forsøk.

Får hjelp

– Kven skal passe på deg?

– Det er ein kombinasjon av Pål Gunnar, meg sjølv og det helseteamet som blir på Olympiatoppen. Og sjølvsagt dei som er tett på meg til vanleg, med kjærast og sånn, seier Østberg, som trur den nye situasjonen blir meir krevjande.

– Eg er førebudd på at ikkje alle dagar blir like enkle.

31-åringen har ikkje sett nokon eksakt tidshorisont for kor langt inn i framtida ho ser seg sjølv som langrennsløpar.

(©NPK)

Ingvild Flugstad Østberg under pressetreff i Holmenkollen Restaurant i Oslo onsdag.
Foto: Javad Parsa / NTB

Ingvild Flugstad Østberg håpar å vende tilbake til verdstoppen. Foto: Javad Parsa / NTB