Klargjør siden...
Annonse

TV 2: Politiet ferdig med DNA-undersøkingane i Baneheia-saka – ingen spor etter Viggo Kristiansen

Politiet er ferdig med dei tekniske undersøkingane i Baneheia-saka, og det er ikkje påvist DNA etter Viggo Kristiansen, etter det TV 2 og NTB forstår.

Ifølgje TV 2 blir undersøkingane avslutta etter at politi og påtalemakt fekk beskjed frå laboratoriet i Sveits om at dei siste DNA-spora ikkje lét seg analysere.

Advokaten til Viggo Kristiansen, Arvid Sjødin, seier til NTB at det ikkje er påvist DNA frå klienten hans.

– Det er ikkje påvist DNA frå Viggo Kristiansen, som eg kjenner til, skriv han i ei tekstmelding.

Under etterforskinga av dobbeltdrapssaka i Baneheia tidleg på 2000-talet vart det samla inn ei rekkje biologiske spor på åstaden og frå offera. Noko av det har aldri vorte analysert. I mars vart det kjent at Oslo-politiet hadde sendt DNA-prøvene til eit laboratorium i Sveits, som har vorte karakterisert som banebrytande innan DNA-testing.

TV 2 har vore i kontakt med statsadvokaten, som ikkje ønskjer å kommentere saka.

Annonse