Klargjør siden...

TV 2 skal vise EM- og VM-kvalik frå 2018

(NPK-NTB): TV 2 har kjøpt rettane til VM- og EM-kvalifiseringane i fotball frå 2018 til 2021.

Til saman inkluderer pakken 580 landskampar. Dette inkluderer Noregs heime- og bortekampar.

– Dette er ein stor dag for TV 2. Vi har sikra oss nye fantastiske sportsrettar. Dette vil sjølvsagt styrke TV 2 og dei ulike sportskanalane med unikt innhald over ein lang periode, seier TV 2-sjef Olav T. Sandnes.

I tillegg har kanalen kjøpt rettane til EM-sluttspelet i 2020 saman med NRK.

– Vi hadde eit veldig godt samarbeid med NRK under siste fotball-VM i Brasil, og vi gler oss til å samarbeide om EM i Frankrike i sommar. No held også dette samarbeidet fram rundt sluttspela heilt fram til 2022, seier Sandnes.

Frå før har TV 2 sikra rettane til årets EM i Frankrike, i tillegg til VM i 2018 og 2022.

Det er Discovery som har kvalifiseringsrettane fram til 2018. (©NPK)

Annonse