Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Reuters): Angrepa i det nordlege Syria den siste tida minner om etnisk reinsing, meiner den tyrkiske statsministeren Ahmet Davutoglu.
npk@npk.no
Publisert: 10.02.2016 kl 15:47
Sist oppdatert: 10.02.2016 kl 16:21
– Eitt av føremåla med dei seinaste angrepa er å gjennomføre ei etnisk reinsing. Etnisk reinsing i Syria og Aleppo for å sørgje for at berre tilhengjarar av regimet blir igjen, blir gjennomført av det syriske regimet og Russland på ein svært bevisst måte, seier han.
Statsministeren legg til at det å akseptere flyktningar nærast blir å støtte dette forsøket på etnisk reinsing frå regimet til den syriske presidenten Bashar al-Assad og hans allierte Russland.
Det er dobbeltmoralsk av dei som ikkje tek til motmæle mot den russiske bombinga i Syria å krevje at Tyrkia held grensa open, meiner Davutoglu.
– Kvar einaste flyktning vi tek imot, bidreg til den etniske reinsinga deira, men vi kjem til å fortsetje å ta imot flyktningar, understrekar han.
EU har lenge jobba for å få Tyrkia til å bidra meir til å stogge flyktningstraumen til Europa. Den tyrkiske statsministeren seier 30 milliardar kroner er det første steget i ein flyktningavtale mellom Tyrkia og EU, men at det om nødvendig må haldast ytterlegare samtaler om meir bistand.
Davutoglu kom også med eit angrep på det syrisk-kurdiske partiet PYD onsdag. PYD angrip sivile i samarbeid med Russland og gjer seg skuldig i krigsbrotsverk, hevdar han. (©NPK)