Klargjør siden...

Tysk kino-angripar utstyrt med våpenkopiar

(NPK-NTB-AP): Den maskerte 19-åringen som blei skoten og drepen etter å ha teke gislar i ein kino i byen Viernheim, var utstyrt med kopiar av ein pistol og eit gevær og granatar som heller ikkje var ekte, opplyser tyske styresmakter.

Ifølgje påtalemakta i Darmstadt har etterforskarane enno ikkje kome fram til kva som kan ha vore motivet til 19-åringen for å ta gislar i kinoen. Dei har ikkje funne noko som tydar på at han kan ha hatt eit politisk motiv eller at det er snakk om eit terrorangrep.

Tyske styresmakter har opplyst at mannen er født i Mannheim, 10 kilometer frå byen der angrepet skjedde, og at han budde i Nord-Tyskland. Elles har det kome få opplysningar om bakgrunnen hans.

Han blei drepen av politiet etter å ha teke 18 personar som gislar, og etter å ha skote i lufta med lausammunisjon. Alle gislane kom uskadde frå hendinga. (©NPK)

Annonse