Klargjør siden...
Annonse

Tolv personar arresterte i aksjon mot høgreekstrem gruppe i Tyskland

Tolv personar er arresterte i ein tysk politiaksjon retta mot høgreekstremistar som blir mistenkte for å ha planlagt terrorangrep.

Tysk politi gjekk til aksjon mot 13 stader i seks delstatar fredag morgon. Fire hovudmistenkte og åtte antatte tilhengjarar vart arresterte.

Gruppa planla angrep på politikarar, asylsøkjarar og muslimar, ifølgje påtalemakta.

Dei mistenkte skulle ha ambisjonar om å skape ein kaotisk borgarkrigsliknande situasjon i Tyskland og på lang sikt styrte regjeringa. Den høgreekstreme gruppa skal ha vorte danna i september 2019.

(©NPK)