Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Brusteinsløpet Dwars door Vlaanderen blir gjennomført onsdag utan Giant-Alpecin på startstreken. Det tyske laget har valt å trekkje seg.
npk@npk.no
Publisert: 23.03.2016 kl 09:41
– Det er for mange ryttarar som ikkje har moglegheit til å kome seg til Belgia på grunn av terrorangrepet. Dessverre er det umogleg å få eit lag til start i Dwars door Vlaanderen, skriv laget på Twitter.
Førebels har ingen andre lag meldt forfall. Dei norske syklistane Vegard Stake Laengen (IAM), Sondre Holst Enger (IAM) og Vegard Breen (Fortuneo-Vital Concept) skal etter planen sykle semiklassikaren.
Stake Laengen fekk ikkje tatt sitt planlagte fly frå Nice til Brussel tysdag. Holst Enger landa i Charleroi, sør for den belgiske hovudstaden. Breen skal etter planen bu med resten av laget i Lille, skriv procycling.no. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.