Klargjør siden...

Tyske flyktningmottak forbyr nyttårsrakettar

(NPK-NTB-AFP): Ei rekke tyske flyktningmottak har lagt ned forbod mot fyrverkeri for å skåne krigstraumatiserte bebuarar på nyttårsaftan.

– Menneske som har flykta frå krigsområde, assosierer ofte smell med skot og bomber. Derfor kan fyrverkeriet vekkje til live traume, seier Christoph Soebbeler, som representerer styresmaktene i Arnberg vest i Tyskland.

Fyrverkeri er også forbode i fleire mottak i delstatane Hesse, Rheinland-Pfalz og Mecklenburg-Vorpommern, som husar mange av dei éin million flyktningane som har komme til Tyskland i år. (©NPK)

Annonse