Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Massakrane på armenarar i Det osmanske riket var eit folkemord, slår den tyske Forbundsdagen fast.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 12:50
Dei folkevalde stemde over eit resolusjonsforslag torsdag, og forslaget vart vedtatt med stort fleirtal.
Ifølgje armenske historikarar vart opp mot 1,5 millionar armenarar drepne i massakrar i åra 1915– 1923. Den armenske befolkninga vart spreidd over mange land etter massakrane.
Tyrkia medgir at mellom 300.000 og 500.000 armenarar vart drepne, men hevdar at også armenarar stod bak massakrar under første verdskrigen.
Tyrkia reagerer derfor med raseri kvar gong nokon omtalar massakrane som folkemord, og president Recep Tayyip Erdogan har på det sterkaste åtvara den tyske nasjonalforsamlinga mot å fatte eit slikt vedtak. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.