Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Den tyske fotballpresidenten seier at pengane som blei betalt inn til Fifa i 2002 ikkje blei brukt til å kjøpe stemmer for å få tildelt fotball-VM i 2006.
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 14:53
Etter opplysingar i Der Spiegel er det spekulert i at nettopp det var tilfellet.
– Eg har kjent til denne saka sidan i juni, og eg beklagar at eg ikkje har informert styret om dette tidlegare. Det er ikkje snakk om mutingar og stemmekjøp. Pengane blei betalt inn for å sikre oss framtidig subsidiering frå Fifa, seier den tyske fotballpresidenten Wolfgang Niersbach.
Niersbach seier at dei 6,7 millionar euroane som blei betalt inn i 2002, var ei forsikring for seinare utbetalt subsidiering i storleiksorden 170 millionar euro. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.