Tyskland ber det internasjonale samfunnet bruke diplomatiske middel i Iran-konflikten

Tysklands utanriksminister Heiko Maas ber det internasjonale samfunnet om å bruke diplomatiske verkemiddel for å unngå ei opptrapping av Iran-konflikten.

Etter eit møte i Firenze sa Maas at han har snakka med den russiske motparten sin Sergej Lavrov og at det «overalt» er vilje til å bidra til ei nedtrapping av konfliktnivået.

- Vi må dempe den krisestemninga som herskar i dag, sa Maas.

Opp eit hakk

Fredag gjekk spenningsnivået opp ytterlegare eit hakk då president Donald Trump erklærte at eit amerikansk marinefartøy hadde skote ned ein iransk drone i Hormuzsundet. Iran avviser på si side heile historia som oppspinn og seier at dei ikkje manglar noka drone.

- Vi har diplomatiske middel til disposisjon, samtalar og forhandlingar, med landa i Golfregionen og med USA. sa Maas. Han ville ikkje utdjupe nærare kva som ligg i dette.

Stole av nazistane

Maas var i Firenze for å levere tilbake eit måleri som vart stole av nazistane under andre verdskrigen. Bildet er «Vase med blomster» av den nederlandske målaren Jan van Huysum (1682-1749). Kunstverket er ein del av samlinga til det berømte Uffizimuseet, men forsvann i 1944.

Bildet vart sett på som tapt, men dukka opp i 1991, då ein familie som hevda at det var skaffa på lovleg vis, prøvde å selje det på ein auksjon. Verdien på måleriet er umogleg å fastsetje. Van Huysum er sett på som ein meister til å måle stilleben.

(©NPK)

Tysklands utanriksminister Heiko Maas (venstre) overleverer eit berømt måleri til Italias kulturminister Alberto Bonisoli. Bildet vart stole av nazistane i 1944, men er no ført tilbake til Uffizimuseet i Firenze.
Foto: AP/NTB scanpix