Klargjør siden...

Tyskland støttar tyrkisk offensiv i Syria

(NPK-NTB-DPA): Tyskland støttar Tyrkias militæroffensiv mot IS i Nord-Syria, og tyske styresmakter meiner også at tyrkarane er i sin fulle rett til å jakte på den kurdiske YPG-militsen i området.

– Dette er i tråd med måla til den internasjonale koalisjonen mot IS, seier ein talsmann for tysk UD, Martin Schäfer.

Den tyske regjeringa kjem ifølgje Schäfer heller ikkje til å fordømme at dei tyrkiske styrkane jaktar på dei kurdiske militssoldatane, som er støtta av USA og som har gjort framstøyt for å ta tilbake grensebyen Jarablus frå IS.

– Tyrkia trur, med rette eller ikkje, at det er band mellom den kurdiske PKK-geriljaen, som dei ser på som ein terroristorganisasjon på tyrkisk side, og element blant kurdarane på syrisk side, seier han.

– Vi respekterer dette og meiner at Tyrkia har ein legitim rett til å slå ned på desse terroristaktivitetane. Derfor støttar vi Tyrkia når det gjeld dette, seier Schäfer. (©NPK)

Annonse