Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Den tyske innanriksministeren Thomas de Maizière vil innføre eit delvis forbod mot det religiøse plagget burka.
npk@npk.no
Publisert: 19.08.2016 kl 09:45
– Vi er einige om at vi avviser burkaen, vi er einige om at vi vil innføre ei lov som krev at ein viser ansiktet sitt på offentlege stadar som registreringskontor, skular og universitet, eller i retten, sa Maiziere under ein pressekonferanse om nasjonale tiltak mot angrep frå jihadistar fredag.
Dermed har innanriksministeren snudd, etter at han førre veke uttalte at han ikkje ville støtte forslaget frå kristendemokratane om å forby ansiktsdekkande klesplagg.
Integreringsdebatten rasar i landet etter at fire ulike angrep forskjellige stadar Tyskland, to av dei knytt til den ytterleggåande islamistiske gruppa IS, har kosta 13 menneske livet og såra mange.
Tiltaka de Maiziere lanserte førre veke, var blant anna at Tyskland ville opne for å ta frå framandkrigarar statsborgarskapet og endre lovverket slik at det er lettare å deportere kriminelle utlendingar.
Statsminister Angela Merkel har uttalt at ho ikkje ønskjer å stramme inn asylpolitikken.
I staden lanserte ho i juli ein nipunktsplan som skal skjerpe sikkerheita, blant anna skal forsvaret bidra dersom det skjer store terrorangrep. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.