Uavhengig russiskspråkleg nyheitsteneste blir lansert i Estland

Med Amedia og Bonnier News i ryggen blir den uavhengige russiskspråklege nyheitstenesta Repost lansert. Dei skal lage journalistikk frå Estland.

Alle journalistane som skal jobbe i nyheitstenesta, er russiske statsborgarar som har flykta frå Russland, opplyser Amedia i ei pressemelding.

Frå Tallinn skal Repost produsere, organisere og publisere uavhengige nyheiter på russisk både for russarar i utlandet og russarar heime i Russland.

Amedia trekte seg ut av trykkjeriverksemda si i Russland i kjølvatnet av invasjonen i Ukraina, og trykkjeria vart overlatne til nobelprisvinnar Dmitrij Muratov, som er redaktør i avisa Novaja Gazeta.

– Etter Sovjetunionens fall, prøvde Amedias forløpar å bidra til ei fri presse i Russland, men kunne ikkje halde fram som utgivar i landet av same grunnar som Bonnier News. Dagens situasjon er dramatisk forverra, med den forsterka sensuren og dei skakande krigshandlingane frå russiske styresmakter, seier Marte Ingul, konserndirektør for samfunns- og styresmaktskontakt i Amedia.

– Bidraget vårt er ei naturleg forlenging av den publisistiske forpliktinga vi har til å styrkje og sikre ytringsfridommen og eit levande demokrati, seier Ingul.

(©NPK)

Annonse