Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Utanriksdepartementet endrar ikkje det offisielle reiserådet for Tyrkia, men viser til ein generell terrortrussel og ber norske tilreisande unngå demonstrasjonar og folkemengder.
npk@npk.no
Publisert: 12.01.2016 kl 16:22
– Det er ein generell terrortrussel for Tyrkia. Valdelege angrep er blitt gjennomført av terrorgrupper også i dei større byane, som Ankara og Istanbul, seier pressevakt Astrid Sehl i UD.
Nordmenn i Tyrkia blir vidare oppfordra til å følgje lokale råd og til å utvise vanleg aktsemd i tråd med UDs reiseinformasjon på nettsidene til regjeringa.
– Norske borgarar som oppheld seg i, eller som planlegg å reise til Tyrkia blir oppfordra til å registrere si reise på reiseregistrering.no, slik at norske styresmakter kan komme i kontakt ved behov, legg Sehl til.
Tyrkiske styresmakter meiner ein syrisk sjølvmordsbombar stod bak angrepet i Sultanahmet i Istanbuls gamleby tysdag. Minst 10 menneske vart drepne og 15 såra, deriblant ein nordmann. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.