Klargjør siden...

UD: Ingen indikasjonar på at nordmenn er ramma

(NPK-NTB): Utanriksdepartementet har så langt ingen indikasjonar på at nordmenn er ramma av sjølvmordsangrepet mot flyplassen i Istanbul.

– På det noverande tidspunkt har vi ingen indikasjonar på at nordmenn skal vere ramma, men vi kan ikkje sjå bort frå det, seier Hilde Steinfeld i Utanriksdepartementet (UD) til NTB.

UD tar atterhald fordi situasjonen framleis er uoversiktleg.

Utanriksdepartementet oppfordrar norske borgarar til å ta omsyn til tyrkiske myndigheiters handtering av situasjonen og følgje deira rettleiingar. Nordmenn som har behov for hjelp, kan vende seg til ambassaden i Ankara.

Det offisielle reiserådet for Tyrkia er ikkje endra. UD rår frå reiser til grenseområda mot Syria og ber reisande om å vere forsiktige i provinsane i Søraust-Tyrkia. (©NPK)

Annonse