UD: Russiske asyl-svar ikkje uttømmande

(NPK-NTB): Utanriksdepartementet tok opp asylstraumen over Storskog på eit norsk-russisk møte i onsdag. Russarane kasta lys over fleire viktige spørsmål, men svara var ikkje uttømmande, ifølgje departementet.

Møtet kjem ei veke etter at utanriksminister Børge Brende (H) bad den russiske kollegaen sin, Sergej Lavrov, gjere greie for kvifor Russland har ein ulik praksis på utreise til Noreg og Finland.

Det har ført til at det kjem langt fleire asylsøkjarar til Noreg enn til Finland i nord.

Kommunikasjonsrådgivar Ane Haavardsdatter Lunde i Utanriksdepartementet stadfestar at spørsmålet om dei syriske flyktningane vart tatt opp frå norsk side på møtet onsdag.

– Møtet kasta lys over viktige spørsmål, men gav ikkje uttømmande svar. Frå norsk side vil vi følgje opp kontakta med dei russiske styresmaktene på ein eigna måte, skriv ho i ein e-post til NTB.

Ho forklarer at møtet med dei russiske styresmaktene på embetsnivå var eit årleg møte mellom konsulærseksjonane i dei to landa og har vore planlagt i lang tid. (©NPK)

Annonse