Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Det europeiske fotballforbundet (Uefa) vedtok tysdag å avlyse EM-turneringane for juniorar (G19 og J19) i år. Det er andre år på rad at det skjer.
sjur.natvig@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 23.02.2021 kl 18:27
Uefa-styret kom til at det med reiserestriksjonane som gjeld no som følgje av viruspandemien ville bli vanskeleg å gjennomføre kvalifiseringsturneringane. Tidlegare er det vedteke å avlyse EM-turneringane for gutar (G16) og jenter (J16). Det skjedde allereie før jul.
Uefa melder på nettstaden sin at medlemslanda vart konsulterte før avgjerda om å avlyse òg for G19 og J19, og at dei støttar avgjerda.
– Sjølv om det er uheldig at aldersbestemde EM ikkje kan avviklast i år, må helsa og tryggleiken til unge utøvarar prioriterast, heiter det på nettstaden til Uefa.
Det vart òg bestemt at meisterligasluttspelet i futsal blir flytta frå Kviterussland til Kroatia. Det skal avviklast i tida 28. april til 3. mai.
Uefa vedtok dessutan at regeleksperimentet med ekstra innbytarar ved hovudskadar skal nyttast under EM-sluttspelet for U21-landslag i Ungarn og Slovenia.
(©NPK)
Norges G19-landslag, her ved Simen Bolkan Nordli, i aksjon mot England i EM-sluttspelet i 2018. For andre år på rad blir det ingen EM-turneringar for gute-, jente- og juniorlandslag. Foto: Juha Harju / Lehtikuva / NTB