Uefa byter ut banedekket i Lille

(NPK-NTB): Graset på Stade Pierre-Mauroy i Lille tok så stor skade av regnvêrskampen mellom Frankrike og Sveits at banedekket må bytast ut før cupspelet i fotball-EM.

Det opplyser Det europeiske fotballforbundet (Uefa) tysdag.

Den nye grasmatta på stadionet i Lille skal på plass så snart gruppe E-kampen mellom Italia og Irland er ferdigspelt onsdag.

Det nye banedekket kjem frå Nederland og skal vere ferdig lagt på Stade Pierre-Mauroy fredag ettermiddag.

Dette er ikkje første gongen eit EM-dekke blir bytt ut under ein meisterskap. Det same skjedde på St. Jakob Park i Basel i 2008.

– Vi er sikre på at åttedelsfinalen og kvartfinalen som skal spelast i Lille høvesvis 26. juni og 1. juli, kjem til å gå under perfekte forhold, skriv Uefa i ei pressemelding. (©NPK)

Annonse