Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Det europeiske fotballforbundet (Uefa) er lite fornøgd med tre av dei ti grasmattene som blir brukte i EM.
npk@npk.no
Publisert: 17.06.2016 kl 14:27
Turneringssjef Martin Kallen sa fredag at graset på Stade Vélodrome i Marseille var den verste. Heller ikkje mattene på Stade de France i Saint-Denis eller stadion i Lille er gode nok, meiner Kallen.
– Vi kan ikkje vere heilt fornøgde med alle banane. Det kunne ha vore betre. Vi har eit problem, for banane er ikkje på sitt beste, men vi gjer det vi kan for å ordne det, seier Kallen.
Frankrike-trenar Didier Deschamps meinte banen i Marseille var «ein katastrofe» etter 2-0-sigeren deira mot Albania.
Alle dei tre arenaene det er snakk om, har det til felles at dei blir nytta til utanomsportslege arrangement som konsertar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.