Annonse

Uefa truar igjen Milan med utestenging

Milan har ikkje klart å riste av seg faren for å bli kasta ut av europacupane i sesongane som kjem. Uefa kom fredag med endå ein peikefinger.

Den falma Serie A-giganten er ein av sju klubbar som har vore under etterforsking for brot på reglane om økonomisk fair play (FFP). Klubbar som vil spele i meisterligaen og europaligaen, kan ikkje over tid bruke meir pengar enn dei tener.

Milan har vore i Uefas søkjelys ei god stund. Tidlegare i år vart italienarane utestengde frå europaligaen, men den avgjerda vart seinare omgjort i Idrettens valdgiftsrett (CAS). Torsdag krasja Milan ut av turneringa med 1-3-tapet for Olympiakos.

Dagen etter fekk Milano- klubben endå ei dårleg nyheit. Uefa opplyste då at den sjudobbelte meisterligavinnaren igjen står i fare for å bli utestengt. Milan må sørgje for at dei ikkje går i underskot innan 30. juni 2021.

Milan har slite sportsleg sidan klubben sist vart Serie A-meister i 2011. I fleire sesongar på rad har klubben mislykkast i å ta seg tilbake til meisterligaen.

(©NPK)

Milan rauk ut av europaligaen torsdag. Dagen etter kom Uefa med nyheita om at klubben risikerer å bli utestengt i sesongane som kjem. Her deppar Hakan Çalhanoglu etter tapet for Olympiakos. Foto: Thanassis Stavrakis / AP / NTB scanpix