Klargjør siden...

Uefa vil ha slutt på at EM-stjernene feirar med barna sine

(NPK-NTB-AP): Uefa hevdar at det ikkje er trygt at barna til EM-spelarane kjem inn på bana etter kamp. – Dette er eit EM, ikkje eit familieselskap, seier turneringssjefen.

Gareth Bale og dottera hans Alba Viola sjarmerte ei heil verd då ho kom springande inn til faren sin då Wales hadde sikra semifinalebillett. Det er desse scenene Uefa no vil ha slutt på.

Det europeiske fotballforbundet viser til at det er utrygt å vere på bana om fansen skulle springe inn på bana. Det blir også vist til at maskiner som skal halde ved like grasmatta kan vere farleg for barna.

– Det er fine bilete. Vi er ikkje 100 prosent imot det, men vi er forsiktige, seier turneringssjef Martin Kallen. (©NPK)

Annonse