UiO lanserer eiga Chatgpt-teneste
Studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo (UiO) kan no bruke tenesta GPT UiO, som er den første slike tenesta som kan brukast innan norsk utdanning.
Tenesta gjer at tilsette og studentar ved universitetet kan bruke Open Ais Chat GPT innanfor dei krava som blir stilte av lova og UiO til personvern og tryggleik, skriv Khrono.
ChatGPT har vore ein av dei store snakkisane innan kunstig intelligens i år, men det har vore vanskeleg å integrere i utdanningssektoren. Derfor har interessa vore stor sidan tenesta vart offentleggjord på UiOs nettsider fredag. Allereie har 2000 brukarar teke tenesta i bruk.
– Mange i sektoren har sagt at dei skal utvikle ei slik teneste. No har vi gjort det og seier at alle kan kjøpe den av oss. Vi har allereie fått førespurnader frå universitet, høgskular og vidaregåande skular, seier webutviklingsleiar Dagfinn Bergsager.
(©NPK)