Annonse

Ukraina: Nedskoten rakett i Belarus kan vere «medviten provokasjon» frå Russland

Ukraina antyda torsdag at ein rakett Belarus har skote ned over territoriet i landet, kan ha vore eit grep frå Russland for å føre Belarus inn i krigen.

– Ukrainsk side ser ikkje bort frå ein medviten provokasjon frå Russland, som la ruta for kryssarrakettane sine slik at det vart provosert fram ei avskjering av dei i luftrommet over Belarus, heiter det i ei fråsegn frå det ukrainske forsvarsdepartementet.

Belarus hevda torsdag å ha skote ned ein ukrainsk luftvernrakett. Den var av typen S-300, den same typen som ramma ein polsk landsby like ved den ukrainske grensa i november, ifølgje belarusiske styresmakter.

Belarus har kalla inn Ukraina sin ambassadør på teppet for å levere ein kraftig protest.

(©NPK)

Annonse