Klargjør siden...

Nytt evakueringsforsøk frå Mariupol forseinka

Ein kolonne med om lag 100 sivile ukrainarar frå Mariupol skulle måndag dra mot byen Zaporizjzja, men evakueringa er forseinka, melder Reuters.

Kolonnen starta frå Mariupol tidlegare på dagen, men på ettermiddagen stoppa han opp. Det er ikkje klart kva som er årsaka til stansen, skriv Reuters.

Målet til kolonnen er byen Zaporizjzja, men han må først passere ein russisk-kontrollert by. Der vil alle ifølgje russiske styresmakter få valet om dei vil evakuerast vidare til ukrainsk-kontrollert territorium.

Zaporizjzja ligg om lag 20 mil nordvest for Mariupol. Der står hjelpearbeidarar og helsearbeidarar klare til å ta imot dei evakuerte.

– Folk er desperate

Mariupol-innbyggjarar som allereie har greidd å sleppe unna byen med sine eigne bilar, ofte øydelagde og dekt av støv, seier at dei som ikkje har eigne bilar, er nøydde til å få hjelp til å komme ut.

– Folk utan bilar kan ikkje reise. Dei er desperate. De må dra og hente dei. Folk har ingenting. Vi hadde ingenting, seier Olena Gibert, som er blant dei som allereie har komme til eit FN-støtta mottakssenter i Zaporizjzja.

Ho seier at det framleis er mange menneske i Mariupol som ønskjer å sleppe unna den no russisk-kontrollerte byen, men som ikkje kan seie det ope i ein situasjon sterkt prega av prorussisk propaganda.

Anastasija Dembytska, som nytta våpenkvila til å dra frå byen med dotter si, nevø og hund, seier til nyheitsbyrået AP at familien overlevde ved å drikke brønnvatn. Dei laga mat på omgang på ein provisorisk omn.

Ho kunne sjå stålverket Azovstal frå vindauget sitt dei gongene ho våga å sjå ut.

– Vi kunne sjå rakettane og røykskyene over verket, seier ho.

– Bussar kom ikkje

Det russiske militæret sa måndag at 126 personar var evakuerte frå Azovstal-stålverket i Mariupol, der ukrainske styrkar har forskansa seg. Over halvparten av dei er tekne hand om av representantar frå Røde Kors og FN etter å ha valt å reise vidare til Zaporizjzja, ifølgje uttalen.

Ukrainske styresmakter sa måndag morgon at dei planla å evakuere fleire sivile frå stålverket. Men det skal ikkje ha komme nokon bussar til stadene der sivile hadde møtt fram for å bli henta ut av den sterkt øydelagde byen. Det melder fleire kjelder, mellom anna BBC.

Første fungerande våpenkvile

Stålverket er den siste staden som ukrainske styrkar kontrollerer i den strategisk viktige hamnebyen.

President Volodymyr Zelenskyj har uttalt at det for første gong sidan Russland angreip byen i februar, har vore to dagar med reell våpenkvile i området.

Ein av dei ukrainske soldatane som forsvarer stålverket, Denys Sjlega, har oppgitt at dei russiske angrepa vart tekne opp att søndag. I eit TV-intervju seier han at fleire hundre sivile framleis er i stålverket saman med nesten 500 såra soldatar og mange døydde.

(©NPK)

Eit barn leikar med rattet på ein bil medan familien ventar på å bli evakuert imens familien ventar på å bli innkvartert i Zaporizjzja etter å ha blitt evakuert frå Mariupol. Foto: Francisco Seco / AP / NTB

Innbyggjarar frå Mariupol har kome til eit mottakssenter i Zaporizjzja. Foto: Francisco Seco / AP / NTB

Annonse