Ukraina: Russiske styrkar i Transnistria sett i kampberedskap

Den ukrainske militærleiinga seier at dei russiske styrkane i den moldovske utbrytarregionen Transnistria er sett i kampberedskap.

Utbrytarregionen har vore kontrollert av eit prorussisk regime sidan 1990-talet. Transnistria ligg aust i Moldova, langs grensa mot Ukraina, og Russland har rundt 1.500 soldatar stasjonerte der.

Tysdag vart to radiomaster i regionen ramma av eksplosjonar, ifølgje dei lokale prorussiske styresmaktene. Dei legg skulda på Kyiv.

Ukrainske styresmakter avviser dette og meiner Russland har planar i området.

– Russland ønskjer å destabilisere Transnistria-regionen og antydar at Moldova bør vente «gjester», skriv president Volodymyr Zelenskyjs nære rådgivar Mykhailo Podoljak i ei Twitter-melding.

Samtidig uttaler den ukrainske generalstaben at dei russiske styrkane i området er sette i kampberedskap, og at tryggingsstyrkane til separatistane òg har auka beredskapen.

(©NPK)

Annonse