Annonse

Ukraina-toppmøte i Paris i desember

Leiarar frå Tyskland, Frankrike, Ukraina og Russland skal 9. desember møtast i Paris for å halde fram arbeidet med å løyse konflikten i Aust-Ukraina.

Møtet blir det første mellom dei fire landa i den såkalla Normandie-gruppa sidan 2016, der Frankrike og Tyskland har rolla som meklarar.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj, som vart valt i april, har sagt at ei løysing på konflikten med dei russiskvennlege opprørarane i Aust-Ukraina er ei prioritert sak for han. Han hadde i sommar kontakt med den russiske motparten Vladimir Putin.

Kontoret til den franske presidenten, Emmanuel Macron, viser til at det har vore stor framgang sidan sommaren, og at soldatar har vorte trekte tilbake frå spente område langs frontane mellom dei regjerings- og opprørskontrollerte områda i Aust-Ukraina.

Rundt 13.000 personar har vorte drepne i den fem år lange konflikten.

(©NPK)