Klargjør siden...

Ukrainsk fotballegende tar over landslaget

(NPK-NTB-Ritzau): Den tidlegare landslagsspelaren Andrej Sjevtsjenko er ny trenar for Ukraina.

39-åringen erstattar Mykhailo Fomenko som gav seg etter eit skuffande EM, der ukrainarane måtte reise heim alt etter gruppespelet utan å ha tatt eitt einaste poeng.

Det opplyser Det ukrainske fotballforbundet fredag, ifølgje Reuters.

I sin karriere som fotballspelar spilte Sjevtsjenko for Dynamo Kiev, AC Milan og Chelsea. Den tidlegare spissen blei ståande med 48 mål på 111 landskampar og i 2004 blei han kåra til verdas beste fotballspelar.

Hans forgjengar meinte sjølv at hans ideelle arvtakar var den tidlegare stjernespelaren og dåverande assistenttrenaren Andrej Sjevtsjenko.

– Han har mykje erfaring i fotballverda og har fått trenarlisens, sa den avtroppande landslagssjefen, før han la til: – Kjære Gud, gjer han like god som trenar som han var spelar. (©NPK)

Annonse