Ukrainsk tryggingsteneste: 39 drepne i angrep mot stasjonen i Kramatorsk

Den ukrainske tryggingstenesta SBU seier at 39 personar er drepne i det som skal vere eit russisk angrep mot togstasjonen i Kramatorsk.

Fire av dei drepne er barn, heiter det i meldinga frå SBU-talsmann Artem Dekhtjarenko.

Ukrainas statlege jernbaneselskap har tidlegare meldt om omkring 100 såra. AFP-journalistar på staden har sjølv talt minst 20 døde.

EUs utanrikssjef Josep Borrell, som fredag er på besøk i Kyiv, fordømmer angrepet mot stasjonen. Det same gjer EU-president Charles Michel.

– Skakande å sjå Russland angripe ein av hovudstasjonane som blir brukte av sivile i regionen der Russland trappar opp angrepa sine, skriv han på Twitter og føyer til at «handling er nødvendig».

– Skjerpa sanksjonar mot Russland og meir våpen til Ukraina er på veg. Ein femte sanksjonspakke vart nettopp godkjend, skriv Michel.

Nektar

Det russiske forsvarsdepartementet nektar for å stå bak angrepet og hevdar at det er utført med ein rakettype berre Ukraina brukar.

Leiaren for den ukrainske militæradministrasjonen i Donetsk, Pavlo Kyrylenko, seier til det statlege ukrainske nyheitsbyrået Ukrinform at angrepet vart utført med russiske Iskander-rakettar.

– Tusenvis på stasjonen

Ukrainske styresmakter oppmoda tidlegare i veka alle sivile til å evakuere dei austlege delane av landet i påvente av ein større russisk offensiv.

Ifølgje jernbaneselskapet var tusenvis av sivile på stasjonen då angrepet fann stad. Dei skulle evakuerast til meir sikre stader i landet. Også guvernøren i Donetsk-regionen, der Kramatorsk ligg, opplyser om det same.

To rakettar skal ha treft stasjonen.

AFP-journalistane seier at fire bilar ved sida av stasjonen er øydelagde og at restane av ein stor rakett med orda «til barna» på russisk ligg ved sida av hovudbygningen.

Dei fortel om blodpølar på bakken og bagasje som ligg strødd. Bilete og videoar i sosiale medium som skal vere frå staden, viser det same.

– Ein vondskap

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj skriv på meldingstenesta Telegram at politi og redningsmannskap er på staden.

– Dette er vondskap som ikkje har nokon grenser … og dersom det ikkje blir straffa, vil det aldri stoppe, skriv han.

Harde kampar går føre seg mellom ukrainske og russiske styrkar i Luhansk-regionen, ifølgje regjeringa i Kyiv. Den russiske hæren sa førre veke at dei vil konsentrere seg om å erobre dei austlege regionane Luhansk og Donetsk. Desse er delvis kontrollerte av russiskstøtta separatistar.

(©NPK)

Blodflekkar på bakken og etterlaten bagasje på stasjonen i Kramatorsk etter angrepet på fredag. Biletet er lagt ut via Telegram-kanalen til Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. Foto: AP / NTB

Folk ventar på toget på jernbanestasjonen i Kramatorsk. Biletet er teke 13. mars. Foto: Andrij Andrijenko / AP / NTB

Annonse