Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Ukraina skal ha hatt suksess med ein betydeleg motoffensiv i Kharkiv nordaust i landet. Samtidig har russarane auka angrepa mot Lviv og andre mål lenger vest.
hege.grov@npk.no
Publisert: 04.05.2022 kl 13:27
Sist oppdatert: 04.05.2022 kl 13:37
Ei høgtståande amerikansk forsvarskjelde seier til tankesmia Institute for the Study of War at den ukrainske motoffensiven har pressa russiske styrkar 40 kilometer aust for Kharkiv.
Kharkiv ligg nordaust i landet, nær grensa mot Russland, og er Ukrainas nest største by. Russiske styrkar hadde kontroll over byen, men etter at ukrainarane tok byen tilbake har dei no altså pressa russarane ytterlegare i regionen.
Opplysningane blir stadfesta av meldingar i sosiale medium frå både russarar og ukrainarar. Dei russiske styrkane skal ha vorte så hardt pressa at dei no må velje mellom å styrkje stillingane rundt Kharkiv, eller risikere å miste alle styrkar som kan angripast med artilleri frå byen.
Kharkiv har vore utsett for harde kampar. Då ukrainske styrkar tok tilbake byen fortalde folk om dei forferdelege forholda dei hadde levd under, i kjellarar utan straum og med lite vatn og mat.
Regionen er nabo til Donbas-regionen og midt i områda ekspertar seier Russland søkjer å få kontroll over for å kunne innkassere ein viss siger i krigen.
Russiske angrep i Donbas har vorte trappa opp. Guvernøren i Donetsk seier at 21 menneske vart drepne i russiske angrep tysdag, det høgaste talet sidan 8. april.
Ti menneske vart drepne på eit kjemisk anlegg i Avdijivka.
– Russarane visste akkurat kva dei skulle sikte på. Arbeidarane hadde akkurat vorte ferdige med vakta si og venta på bussen for å dra heim. Endå eit kynisk brotsverk frå russarar på jorda vår, skriv guvernør Pavlo Kyrylenko på Telegram.
Ifølgje britisk etterretning gjer russiske styrkar no eit forsøk på å angripe den nordlege fronten i Donbas frå Izium i Kharkiv-regionen. I etterretningsrapporten på onsdag frå det britiske forsvarsdepartementet heiter det at Russland har utplassert 22 taktiske bataljonar i området.
Desse bataljonane har bakkesoldatar som blir støtta av stridsvogner, luftstøtte og artilleri, og vil bli brukte til å gjere framstøyt i området.
Kvar gruppe har normalt rundt 800 soldatar.
– Trass i problem med å trengje gjennom det ukrainske forsvaret og byggje momentum, vil Russland høgst sannsynleg prøve å ta seg forbi Izium og ta byane Kramatorsk og Sievjerodonetsk, skriv britane.
Dei påpeikar òg at ei eventuell erobring av dei to byane vil styrkje Russlands kontroll over nordaustlege Donbas.
Heilt vest i landet har Lviv lenge vore ei frihamn for både flyktningar, vestleg ambassadepersonell og journalistar. Byen er den sjette største i landet. No kan det verke som russiske styrkar har trappa opp angrepa sine mot byen.
Lviv og området rundt vart mørklagt av russiske angrep tysdag kveld. Luftangrepa skal ha skadd tre kraftverk rundt byen, og store delar av byen var utan straum. Angrepa er nokre av dei mest omfattande i Lviv sidan krigen starta og dei første i Vest-Ukraina på ei veke, skriv Sky News.
Minst to menneske skal ha vorte skadde i angrepa mot Lviv.
Det var òg russiske luftangrep i Kirovohrad og Zakarpattia-regionane sentralt og vest i Ukraina. Desse angrepa skal ha retta seg mot jernbanenettverket, som er viktig for å frakte våpen frå Vesten til fronten.
Oleksandr Kamysjin, leiaren for Ukrainas jernbanar, seier ifølgje Sky News at seks stasjonar vart ramma av angrepa.
Russlands forsvarsdepartement hevdar at over hundre mål i Ukraina vart ramma tysdag. Det gjeld basar, kommandopostar, artilleristillingar og militære lager, ifølgje Kreml.
Frå den utbomba byen Mariupol kjem det stadig nye historier frå folk som har vorte evakuerte ut frå stålverket Azovstal. Der har sivile og ukrainske styrkar forskansa seg under harde russiske angrep.
Det er framleis nokon som er forskansa der. Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj seier at det er for tidleg å kalle evakueringa ein siger, men at det allereie er eit resultat som er verd å merke seg.
– Eg trur det framleis er ei moglegheit til å redde folk, seier Zelenskyj.
Ukrainske styresmakter følgjer òg nøye med på den store militærøvinga Kviterussland plutseleg innleidde onsdag. Det er varsla store styrkeforflyttingar, men det har ikkje førebels komme meldingar som tyder på at dei blir flytta mot den ukrainske grensa.
Kviterussland har ikkje gått inn med styrkar, men har vorte straffa med sanksjonar for å ha bidrege til det russiske angrepet. Det skjedde mellom anna frå kviterussisk jord.
EU varsla òg onsdag at ein ny sanksjonsrunde mot russarar, mellom anna retta mot russisk olje og mot privatpersonar som patriark Kirill. Han er den øvste leiaren for den russiskortodokse kyrkja.
Det er òg knytt spenning til kva Russland vil gjere 9. mai, dagen då sigeren over Nazi-Tyskland blir feira som den store sigersdagen. Ukrainske styresmakter varslar at dei blir stadig meir sikre på at Russland då vil erklære full mobilisering.
Norske ekspertar seier at det er veldig uvisst kva Russland vil gjere. Dersom det endar med full mobilisering, spår dei at krigen i Ukraina blir trappa opp både i omfang og brutalitet.
– Dersom det blir ein ny større offensiv i full krig, vil han bli endå meir brutal i betydninga at dei vil bombe med våpen som er lite treffsikre og dermed drepe fleire sivile, seier FFi-forskar Tor Bukkvoll.
(©NPK)
Svart røyk stig opp frå eit oljelager som vart treft av rakettangrep i Makiivka, som er kontrollert av russiskstøtta separatiststyrkar. Foto: Alexei Alexandrov / AP / NTB
Røyk etter eit russisk luftangrep mot Lviv heilt vest i Ukraina tysdag. Foto: Jon Gambrell / AP / NTB
Stålverket Azovstal i Mariupol fotografert tysdag. Foto: AP Photo / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.