Annonse

Ukrainske spesialstyrkar kjempar i Sudan

Som om dei ikkje har nok å stri med på heimebane, har ukrainske spesialstyrkar no dukka opp i Sudan. Underleg, meiner norske forskarar.

Avisa Kyiv Post publiserte i byrjinga av februar ein video som viser ukrainske spesialsoldatar som avhøyrer krigsfangar frå den russiske Wagner-gruppa i Sudan.

Kjeldene til avisa stadfestar at spesialsoldatane tilhøyrer Timur-eininga, som er underlagd Ukrainas militære etterretningsteneste (HUR).

Emblemet på armen til den eine soldaten viser ei ugle, som er HURs emblem.

Videoen viser også korleis dei ukrainske soldatane undersøkjer militære køyretøy, og i eit av dei ligg ein drepen soldat iført ei uniform med Wagner-emblem på armen.

Ein av dei russiske soldatane som sit bakbundne og med berr overkropp, fortel at det er rundt 100 Wagner-soldatar i Sudan. Der støttar dei krigsherren Mohamed Hamdan Dagalo, betre kjent som Hemetti, og RSF-militsen hans.

Russisk våpenstøtte

RSF-militsen har i årevis fått våpenstøtte frå Russland mot å gi Moskva tilgang på gullførekomstar dei kontrollerer i Sudan, noko CNN avslørte i 2022.

Same dag som Russland invaderte Ukraina, var elles Hemetti på besøk i Kreml.

Mykje av den russiske våpenstøtta til militsen har gått via opprørsgeneralen Khalifa Haftar i Libya. Han har også Wagner-soldatar i rekkene sine.

FNs spesialutsending til Sudan, Volker Perthes, har stadfesta at Haftar støttar RSF-militsen.

Dei sameinte arabiske emirata støttar også Hemetti, som takk for at militsen hans kjempa på deira side i krigen i Jemen.

Blodig borgarkrig

Hemetti var medlem av militærjuntaen som greip makta i Sudan i 2021, men rauk etter kvart uklar med hærsjefen og juntaleiaren i landet Abdel Fattah al-Burhan.

I april i fjor braut det ut full krig mellom dei, og situasjonen i landet er i dag katastrofal.

Krigen har drive over 10 millionar sudanarar på flukt frå heimane sine, og under 5 prosent av innbyggjarane har no råd til eitt måltid mat om dagen, ifølgje FNs matvareprogram (WFP).

På flyplassen i Khartoum står utbomba fly, utanlandske ambassadar er stengde og plyndra, og det same er sjukehus, fabrikkar, bankar, kyrkjer, butikkar, kornlager og lokala til hjelpeorganisasjonar.

Dårleg PR

Seniorforskar Morten Bøås ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har vanskeleg for å forstå kvifor ukrainske spesialstyrkar støttar Burhans hær i Sudan.

– Det blir framstilt som om dei støttar eit legitimt regime, noko som i beste fall er ei ganske sterk omskriving av sanninga. Dette er ein krig der begge partar har mykje blod på hendene, seier han til NTB.

– Dette er ikkje akkurat noko PR-kupp for Ukraina, seier han.

Bøås er kjend med at det er Wagner-soldatar i Sudan, men desse driv ifølgje han først og fremst med vakthald og sikring av gruver og gulltransportar.

– Dei har ikkje vore ein viktig aktør i kamphandlingane der, seier han.

Droneangrep

Dei ukrainske spesialsoldatane har ifølgje Kyiv Post vore i Sudan sidan sist sommar. Der skal dei mellom anna ha utført droneangrep mot Wagner-soldatar.

Journalistnettverket Bellingcat har verifisert at videoar av kvite militære skarpskyttarar er frå Sudan, men har ikkje kunna fastslå at det dreier seg om ukrainarar.

Om videoane, som openbert kjem frå Ukrainas militære etterretningsteneste, er ekte, eller om dei er eit ledd i Ukrainas propagandakrig mot Russland, kan ikkje slåast fast som sikkert.

Det same gjeld opplysningane som er formidla av Kyiv Post.

Risikabelt

Sjefsforskar Tor Bukkvoll ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) er sjølv ein flittig les av Kyiv Post og meiner at det stort sett er ei truverdig avis.

Opplysningane om nærværet til dei ukrainske spesialsoldatane i Sudan stiller han seg til liks med Bøås undrande til.

– Dette er spesielt, seier han til NTB.

– Det blir på ein måte å flytte kampen mot Russland ut av Ukraina, men det er risikabelt å byrje å blande seg inn i konfliktar som Sudan, seier Bukkvoll.

Zelenskyj-møte

HURs leiar Kyrylo Budanov sa i mai i fjor at Ukraina ville «ødelegge russiske krigsforbrytere verden over, hvor enn de måtte befinne seg».

Nokre månader seinare hadde Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj eit møte med Burhan. Det fann stad på Shannon-flyplassen i Irland.

– Vi diskuterte felles tryggingsutfordringar, først og fremst aktivitetane til ulovlege væpna grupper som blir finansierte av Russland, skreiv Zelenskyj i sosiale medium etter møtet.

Militærjuntaen i Sudan publiserte eit foto frå samtalen mellom dei to, men opplyste ikkje kva dei snakka om.

CIA-støtte

New York Times avdekte nyleg korleis amerikanske CIA har samarbeidd tett med ukrainsk etterretning sidan 2015.

Alt året etter byrja CIA med opplæring av ukrainske spesialstyrkar, men det er ikkje kjent om nokon av dei som har fått amerikansk opplæring, no er i Sudan.

– Det blir i så fall berre spekulasjonar, seier Bøås.

CIA har ifølgje New York Times også lært opp ukrainske spionar som i dag opererer i ei rekke land der Russland har eit nærvær.

Fleire motiv

Ukraina kan ha fleire motiv for å sende spesialsoldatar til Sudan, trur The Economist.

Eitt av måla kan vere å stanse straumen av gull frå gruver som blir opererte av RSF-militsen med støtte frå Wagner-gruppa.

Sudan er Afrikas tredje største gullprodusent, og gull derfrå er truleg eit viktig bidrag til den russiske krigsøkonomien.

Kanskje vel så viktig er truleg den symbolske effekten av å angripe russiske leigesoldatar i Afrika.

– Det vil vere det rette å gjere, seier Alexander Khara i den ukrainske tankesmia Centre for Defence Strategies til The Economist.

(©NPK)

Ukrainas militære etterretningsteneste (HUR) skal ha sendt spesialsoldatar til Sudan der dei kjempar på vegner av leiar for militærjuntaen, general Abdel Fattah al-Burhan, og jaktar på russiske leigesoldatar. Her frå trening av ukrainske soldatar i England. Foto: AP / NTB

Videoarr viser ukrainske spesialsoldatar på oppdrag i Sudan. Dette biletet er av ukrainske soldatar under opplæring i England. Foto: AP / NTB

Leiaren for Ukrainas militære etterretningsteneste, general Kyrylo Budanov, sa i mai i fjor at Ukraina ville «øydeleggje russiske krigsforbrytarar overr heile verda, same kvar dei er Foto: AP / NTB

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har stadfestarat han har hatt eit møte med leiaren for mmilitærjuntaen Sudan, gegeneraldel Fattah al-Burhan.

Grunnleggjaren av Wagner-gruppa Jevgenij Prigozjin omkom i ein flystyrt i august, men leigesoldatane hans er framleis å finne i fleire land, blant dei Sudan, der dei støttar krigsherren Mohamed Hamdan Dagalo og hans RSF-milits. Foto: AP / NTB