Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein talsperson for den ukrainske forsvarskommandoen seier måndag at ein offensiv mot russiske styrkar sør i Ukraina har byrja.
vaktsjef@ntb.no/kirsten.offerdal@npk.no
Publisert: 29.08.2022 kl 15:33
Sist oppdatert: 29.08.2022 kl 20:22
Offensiven er særleg retta mot byen Kherson, den einaste regionshovudstaden russiske styrkar har lykkast med å ta i Ukraina.
The Guardian er eit av media som gjengir ei fråsegn frå Natalia Humenyuk, talsperson for Ukrainas sørlege kommando.
Meldingane om offensiven kjem samtidig som ei gruppe inspektørar frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) har reist til Ukraina for å undersøkje situasjonen ved atomkraftverket Zaporizjzja. Gruppa blir leidd av IAEA-sjef Rafael Grossi.
Byen Kherson ligg rundt 200 kilometer sørvest for Zaporizjzja, som er Europas største atomkraftverk. Det har vore under russisk kontroll sidan byrjinga av mars, men blir driven av ukrainske teknikarar. Det er stor bekymring for situasjonen ved kraftverket. IAEA-teamet skal etter planen besøkje Zaporizjzja seinare denne veka.
Serheij Khlan i regionsrådet i Kherson seier til ukrainske Pryamyi TV at operasjonen der det okkuperte området skal takast tilbake, no er innleidd.
– Det har i dag vore kraftige artilleriangrep på posisjonane til fienden i heile det okkuperte området i Kherson-regionen, seier han.
Russiske styresmakter uttalte måndag at ukrainske framstøytar i regionane Kherson og Mykolajiv ikkje hadde lykkast, og at ukrainske styrkar hadde hatt «store tap».
Det har i fleire veker vore meldt at ukrainske styrkar har førebudd ein motoffensiv i sør, mellom anna med systematiske angrep mot bruer og ammunisjonsdepot i området.
Ukrainske styrkar har drive operasjonar for å «forme» slagmarka for ein motoffensiv, seier to amerikanske embetsmenn med tilgang til etterretningsrapportar til CNN.
Såkalla forming av slagmarka er vanleg militær prosedyre før ein offensiv og handlar om angrep på våpensystem, kommandosentralar, ammunisjonsdepot og andre mål for å opne for planlagd framrykking. USA meiner at den ukrainske motoffensiven vil omfatte både luft- og bakkeoperasjonar.
CNN skriv at verken ukrainske eller amerikanske kjelder vil seie noko om det konkrete hovudmålet med den varsla motoffensiven, ut over at han er retta mot Kherson. Byen har ei viktig strategisk plassering ved den ukrainske svartehavskysten.
Det har i sosiale medium vorte delte ei lang rekkje meldingar om eksplosjonar og angrep langs frontlinja i sør, men det er svært vanskeleg å få verifisert desse meldingane frå uavhengige kjelder.
Ordføraren i Mykolajiv, Oleksandr Senkevytsj, skriv på Telegram at minst to personar er drepne i eit russisk granatangrep mot sentrum av byen.
– Så langt veit vi om to drepne og fem såra, skriv han, og føyer til at angrepet ramma bustadhus.
(©NPK)
Russiske soldatar på vakt ved ein kraftstasjon på Dnepr-elva i Kherson-regionen i mai. Måndag blir det meldt at ukrainske styrkar har innleidd den venta motoffensiven i området. Biletet er teke under ein pressetur organisert av Russland. Foto: AP / NTB