Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Kristdemokraterna-leiar Ebba Busch blir visestatsminister og energi- og næringsminister i Ulf Kristerssons nye regjering.
Publisert: 18.10.2022 kl 10:36
Sist oppdatert: 18.10.2022 kl 11:01
Med Ulf Kristersson får Sverige sin første borgarlege statsminister på åtte år. Tysdag formiddag offentleggjorde han kven som sit i den nye regjeringa.
Gunnar Strömmer blir justisminister, Tobias Billström utanriksminister og Pål Jonson ny forsvarsminister i den nye borgarlege regjeringa i Sverige. Alle tre kjem frå Moderaterna. Finansminister Elisabeth Svantesson kjem også frå partiet.
Kristdemokraterna har fått fleire tunge postar, mellom anna helseministeren og partileiar Buschs energi- og næringspost. Partiet får også ansvaret for infrastruktur og bustadpolitikk.
Liberalerna-leiar Johan Pehrson blir arbeidsmarknads- og integreringsminister. Partiet får også ansvar for klima- og miljøpolitikken, arbeidsmarknadspolitikken og likestillingspolitikken.
Dette er heile oversikta:
Moderaterna:
Statsminister Ulf Kristersson
EU-minister Jessika Roswall
Justisminister Gunnar Strömmer
Innvandringsminister Maria Malmer Stenergard
Utanriksminister Tobias Billström
Bistands- og utanriksminister Johan Forssell
Forsvarsminister Pål Jonson
Beredskapsminister Carl Oskar Bohlin
Sosialtenesteminister Camilla Waltersson Grönvall
Eldre- og sosialforsikringsminister Anna Tenje
Finansminister Elisabeth Svantesson
Finansmarknadsminister Niklas Wykman
Kulturminister Parisa Liljestrand
Kristdemokraterna:
Sosialminister Jakob Forssmed
Helseminister Acko Ankarberg
Kommunalminister Erik Slottner
Energi- og næringsminister Ebba Busch
Distriktsminister Peter Kullgren
Infrastruktur- og bustadminister Andreas Carlson
Liberalerna:
Utdanningsminister Mats Persson
Skuleminister Lotta Edholm
Klima- og miljøminister Romina Pormoukhtari – også den yngste ministeren til regjeringa med dei 26 åra sine
Arbeidsmarknads- og integreringsminister Johan Pehrson
Likestillingsminister og assisterande arbeidsmarknadsminister Paulina Brandberg
(©NPK)
Ulf Kristersson presenterer regjeringa si. Foto: Anders Wiklund/TT via AP/NTB