Klargjør siden...

Ullevål sjukehus kan bli nedlagt

(NPK-NTB): Helse sør-aust går inn for å byggje eit nytt sjukehus på Gaustad og legge ned Ullevål sjukehus.

Toppleiinga i Helse sør-aust går inn for eit stort regionsjukehus på Gaustad, eit kreftsjukehus på Radiumhospitalet og eit lokalsjukehus på Aker, melder NRK. I tillegg vil dei legge ned Ullevål sjukehus.

– Vi foreslår ei klar retning for vidareutvikling av Oslo universitetssjukehus, seier Cathrine Lofthus, administrerande direktør i Helse sør-aust.

– Vi meiner at OUS bør bestå av tre sjukehus med klar profil, seier Lofthus.

Saka skal behandlast av styret i Helse sør-aust 16. juni, og det kan innebere endringar. Helseminister Bent Høie (H) må også sette sitt stempel på vedtaket før det er endeleg. (©NPK)

Annonse