Ulv med skabb avliva i Enebakk

(NPK-NTB): Ein ulv med skabb er avliva i Enebakk i Akershus. Ulven var i så dårleg forfatning at det vart vurdert at han ikkje kom til å overleve på eiga hand.

Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus har fått fleire meldingar dei siste dagane om at ein ulv med skabb hadde opphalde seg svært nær busetjing i Enebakk, like søraust for Oslo.

Tysdag vart ulven igjen observert, og mannskap frå Fylkesmannen rykte då ut og avliva han.

Rovdata skal analysere DNA frå ulven, og det er venta at analysen blir klar denne veka. Ulven som vart skoten har bevegd seg i yttergrensene av Østmarka-reviret, men Fylkesmannen kan førebels ikkje fastslått om han er alfahannen i dette reviret. (©NPK)

Annonse