Ulv skoten på Lesja

(NPK-NTB): Ein ulv vart skoten på Joramo på Lesja i Oppland natt til onsdag. Ulven kom tilbake til same stad der to sauer vart drepne denne veka.

Ifølgje Gudbrandsdølen Dagningen kom ulven tilbake til den same garden der eigaren mista to vaksne sauer måndag og tysdag.

Ifølgje ordføraren i Lesja er det ei ulvetispe som er felt av medlemmer frå dei kommunale fellingslaga.

– Dette vil Statens naturoppsyn bekrefte når dyret skal undersøkjast seinare i dag, seier ordførar Mariann Skotte til avisa.

Sidan fredag førre veke har det vore jakta på både ulv og bjørn i området etter at Fylkesmannen gav fellingsløyve. (©NPK)

Annonse