Ulvejegerar nekta skuld på nytt
(NPK-NTB): Alle dei fem tiltalte sa seg på nytt ikkje skuldige då tiltalen om ulovleg ulvejakt vart lesen opp i Eidsivating lagmannsrett tysdag.
Under opningsdagen argumenterte forsvarar Helge Hartz for at ulven likevel ikkje er så utryddingstrua etter at det er påvist så mange som ni revir, melder NRK. Aktor Terje Istad meinte argumentet ikkje er relevant for rettssaka.
Den hovudtiltalte i ulvejaktsaka, ein 49-åring frå Elverum, vart i Sør-Østerdal tingrett dømt til eitt år og åtte månaders fengsel i fjor. Fire andre vart dømt til mellom eit halvt år og eitt års fengsel. Alle vart også fråtekne retten til å drive jakt og fangst i frå to til fem år.
Alle fem er dømt etter den såkalla mafiaparagrafen som gir skjerpa straff dersom lovbrot blir utført av ei organisert kriminell gruppe.
Seks menn var tiltalt for å ha prøvd å felle tre ulvar i Elverum 15. februar 2014. Hovudmannen var også tiltalt for å ha skote ein ulv på åtejakt etter rev 14. mars same år. Den sjette tiltalte vart frifunnen og varsla erstatningssøksmål etter rettsavgjerda. (©NPK)