Klargjør siden...
Annonse

Ulykkesrigg skulle tole 100-årsbølgje

(NPK-NTB): Ulykkesriggen COSL Innovator skulle minst tole kreftene til ei 100-årsbølgje. Bølgja som knuste 17 vindauge, var truleg 30 meter høg. Ein person omkom i ulykka.

Fleire uavhengige granskingar er sett i gang etter ulykka 30. desember. Blant anna skal det blir undersøkt om noko var gale med konstruksjonane av riggen, manøvreringa av den i uvêret og om det er skjedd noko gale då riggen blei godkjent for norsk sokkel, skriv Sysla.

– Riggane er designa for ei hundreårsbølgje i dette området, og det er i tillegg lagt inn ein tryggingsmargin på 30 prosent, forklarer Ernst Meyer, direktør for Offshore Classification, DNV GL Maritime, som har sertifisert riggen.

– Viss ei hundreårsbølgje kjem, skal bølgja framleis ikkje gå opp til undersida av dekket på plattforma. Framleis skal det vere gap mellom bølgje og dekk, held Meyer fram. (©NPK)

Annonse