Klargjør siden...

Umogleg å få nødpass på Gardermoen

(NPK-NTB): Kontoret for nødpass på Gardermoen blei stengt fredag ettermiddag på grunn av bemanningsproblem.

– Politiposten for nødpass har vore stengt i litt over ein time, opplyste vaktleiar Kjetil Folkvord ved Gardermoen politistasjon til NTB ved 16.30-tida fredag.

Ein passasjer kontakta NTB fredag ettermiddag og fortalde om køar ved nødpasskontoret, og at fleire mista flya sine fordi dei ikkje fekk pass.

– Då vi spurde politiet om kva vi skulle gjera, fekk vi beskjed om å ringja Erna (Solberg), seier passasjeren, som ikkje ønskjer å få namnet sitt i media.

Ifølgje Folkvord har politiet vore nøydde til å setja all bemanning inn i passkontrollen på grunn av sjukdom.

– Det har ikkje vore mogleg å få inn ekstramannskap. Men vi håpar å få opna nødpasskontoret så fort som mogleg, seier Folkvord.

– Passasjerar i køen fortel at dei har blitt bedne om å ringja statsministeren?

– Det vil eg ikkje kommentera, seier Folkvord. (©NPK)

Annonse