Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dei fire siste vekene har det komme 194 asylsøkjarar til Noreg, viser tal frå Utlendingsdirektoratet. Eit fleirtal av dei vil neppe få asyl i Noreg.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 20:29
Ikkje sidan byrjinga av 1990-talet har det komme færre asylsøkjarar enn det gjer no. Til saman har det komme om lag 1.400 asylsøkjarar til Noreg i år.
Berre 22 av dei 194 som har komme dei fire siste vekene, oppgjev å vere frå Syria. Dei to største enkeltlanda er Afghanistan med 24 asylsøkjarar og Irak med 23 søkjarar.
Ei anna stor gruppe er albanarar, med til saman 14 personar dei siste fire vekene. Denne gruppa får vanlegvis ikkje asyl i Noreg. Korkje i år eller i fjor har nokon albanarar fått innvilga sin søknad om vern.
Dei fire første månadene i år har 42 prosent fått løyva søknadane sine.
Sverige har til samanlikning teke imot om lag 2.000 asylsøkjarar dei siste fire vekene, medan danskane har fått 304 søknader i same periode. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.