Annonse

Under halvparten av innvandrarar frå Afrika og Asia er i full jobb

Sysselsetjinga blant innvandrarar er mykje lågare enn ein tidlegare har rekna med, ifølgje nye tal frå SSB. - Større utfordringar enn vi hadde trudd, seier Frp.

Spesielt er det få innvandrarar frå Asia og Afrika som er i full jobb, kjem det fram i ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Tala har blitt utarbeidd på oppdrag frå Framstegspartiet, skriv Nettavisen.

SSB reknar alle som arbeider meir enn éin time i veka som sysselsett. Frp har difor bestilt tal over delen som er sysselsett meir enn 30 timar i veka.

Her kjem det fram det at blant innvandrarar i 40-åra frå Asia og Afrika, er det berre 45 prosent som arbeider 30 timar i veka eller meir. Til samanlikning ligg gjennomsnittet på same aldersgruppe i befolkninga elles på 72 prosent.

- Når vi ser på delen som er sysselsett i heiltidsstilling, så er tala langt lågare enn det som kjem fram i tidlegare SSB-publisering. Berre 16 og 10 prosent av kvinnene frå Afghanistan og Somalia var sysselsette i heiltidsstilling. Og berre 19 prosent av kvinnene frå Pakistan, som er den gruppa i Noreg med lengst butid, seier leiar Erlend Wiborg (Frp) i Stortingets arbeidskomité.

Wiborg peikar på at tala også er illevarslande for norskfødde barn av innvandrarar.

- Tala våre viser at norskfødde menn med pakistansk bakgrunn, i alderen 30 til 39 år, hadde 16 prosentpoeng lågare del sysselsett i heiltidsstilling enn befolkninga utan innvandrarbakgrunn, seier Wiborg til Nettavisen.

(©NPK)

Frp og Erlend Wiborg har bestilt nye tal over sysselsetjing blant innvandrarar i Noreg.
- Talane viser at utfordringane er endå større enn vi kanskje hadde trudd, seier Wiborg.
Arkivfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix